Saturday, October 17, 2009

Å hei hvor det går...









Den sise veka...
Plutselig he det gått ei veke, og vi må vel seie at vi e godt fornøgd med framgangen. Forrige lørdag la vi første steinen, no e vi ferdig med rad sju! Superdupert! Takk til alle våre venner og familie som he vør me på dugnad hittil!

Wednesday, October 7, 2009

Første støping...

Første støping i boks
Etter at det har regna i heile dag (og forsåvidt dei siste 3 mnd), blei det plutseleg opplett når betongbilen kom. Det var kjempegreie! No er betongen på plass og vi får håpe at den held seg der til i morgon... En milepæle er nådd, no er det berre tusen igjen... :)

Monday, October 5, 2009

Fine former?

Dei første formene på huset er no snart klart til å støpast fast i grunnen... Vi gleder oss! Snart blir det klart for Leca. Viss du vil vere med på dugnad så e det berre å ringe... Men ver rask - begrensa antall plasser... :)

Sunday, October 4, 2009

Framtida...

Fasaden på huset
Slik kjem huset til å sjå ut.
Taket skal vere svart - husfargen ikkje bestemt... Nokken som he gode forslag?

Eit godt fundament...

Såle
Eit godt fundament er viktig her i livet - også når ein skal bygge hus. Derfor valgte vi å ha ein skikkeleg betongsåle som grunnlag. Lørdag var KB og "svigers" og forskala denne sålen - no er det berre finpussen igjen før vi e klar til første støping...
Det e kjekt å vere igang!

Friday, October 2, 2009

Sommer 2009 - tomta endeleg byggeklar...


Skogrydding
Før utgravinga kunne starte, måtte tomta ryddast. Fleire titalt store tre måtte fellast, kvistast og omgjerast til tømmer av høvleg størrelse. Takk til Oddvar, Runar og Sigbjørn for god hjelp!

Starten...

Lille julaftan 2007 - det første møte...

For å lade opp til julefeiringa, tok KB turen opp i det nye tomtefeltet i Årølia. Blant alle tomtene var det ei som skilte seg ut... Jordbærvegen 32.