Sunday, April 18, 2010

Greit med snille foreldre!

I desse "husbygger-tider" er det veldig kjekt med snille og flinke foreldre som kan komme å hjelpe til med husprosjektet! Igår kom herr og fru Aarsund til Molde for å hjelpe med å støype søylepunkta for terrasse - det var litt ein grisejobb i den blaute gjørma som hagen vår for tida består av... I kjelleren holdt Flataker og Therese med å legge golvvarmerør slik at vi skal holde oss gode og varme i kjelleren når vinteren herjer på...
Tusen takk til Runar som var på besøk forrige helg og gjorde ein skikkeleg kara-jobb for å få isolert golvet!



1 comment:

  1. Koseleg å sjå mor og far Aarsund att! Eg kosa meg verkeleg dei gongane eg var på besøk i Brattvåg. Det begynner desverre å bli nokon år sidan, men veldig gode minner!

    ReplyDelete